SAL AV KYLLINGAR 2012

Har redusert på tal raser grunna plass og organisering av bur, og vil for 2012 sesongen kun klekke ut kyllingar av Trefarga Sussex. Var på Nordmøre sist haust og kjøpte ny hane for å skaffe nytt blod til flokken.

Vil starte ruging av kyllingar  rundt påske med tanke på sal av kyllingar frå mai.

Pris for usorterte kyllingar vil vere kr. 60,- første veka.

Har elles rugd ut kyllingar av konsumegg som eg har kjøpt av ein nabo som også har ein hane i flokken sin.
No går det ein liten flokk høner som er klar til å starte egglegging frå midten av mars.

Mine 3 Skånske blommehøns (2 klekt i 2011) er på leit etter ny heim, men Faverollhøna og ei av mine første bastardhøner vil bli verande for kuriositeten si skuld.

Fjordåret medførte avslutting av lys Sussex. Mesteparten av jobben vart gjort av mink ? eller hauk ?
Dette er ein kalkulert risiko ein må leve med om hønene skal få boltre seg i det fri om sommaren.

 

SAL AV KYLLINGAR 2010

Har desse rasane som eg planlegg sal av kyllingar frå; Lys Sussex, Trefarga Sussex og Skånske blommehøns.
For nærare info om desse hønserasene kan du gå til heimesida for Rødslia gard der eg har henta livdyra mine i 2009.

Klekking og sal av kyllingar vil skje frå slutten av mai og utover sommaren.

Ta kontakt og avtal kva tid som høver for henting.

Pris pr. usortert kylling er kr. 60,- første veka

Eldre kyllingar får eit tillegg i prisen pr veke, 5 + 5 + 10 osv

Tilbake