HØNSEHALD – oppstart med rasehøns

Som hobbyoppdrettar og hobbyeggprodusent utan ambisjonar om inntening, får kvardagane ei lita vitamininnsprøyting som kjem godt med. Høner er "allrighte" skapningar.

Har no hatt høner sidan 2005 og starta med nokre få verpehøner frå eit klekkeri på Rovde.

Hønsehuset var eit gamalt reiskapshus og var lite eigna, først og fremst fordi det trekte inn mykje vatn på golvet ved regnvær, og det har me mykje av på Sunnmøre.

Eggleggjarane vart supplert med bastardar som var til overs i bygda, og første hanen forbarma eg meg over for å gjere ein kjenning ei velgjerning for å bevare naboskapen i eit byggjefelt.

Fram til sommaren 2009 har det vore lite målretta arbeid med hønseriet, men ynskjer no litt meir systematikk på sakene. Nytt hønsehus stod ferdig sommaren 2008, 2,5m x 3,5m tomleplass innomhus. Ute er det satt opp gjerde slik at hønene ikkje skal gå fritt i hagen, men halde seg i buskaset i skråninga nedom plen blomsterbed og prydbusker. Her har dei fritt spelerom og rikt høve til matsøk og etablering av vekkgøymde reir.

Hobbyen gir fleire utfordringar og opplevingar som er verdt å nemne:


I tillegg til bastardar av til dels ukjend opprinnelse, var eg i pinsa 2009 til Trøndelag, Rødslia gard, for å hente rasekyllingar. Hadde bestilt 10 Skomske blommehøns og 10 Lys Sussex, men var merksam på at utvalget neppe ville vere fullstendig.

Dag Lønning på Rødslia gard tok vel imot og vist rundt på sitt småbruk.

At utvalget som eg hadde tenkt ut var utplukka, gjorde lite, her var mykje anna å ta med, nokre daggamle kyllingar av usikker rase, men slikt viser seg etterkvart.

Heime i Ørsta starta oppalet av det som etterkvart skulle vise seg å være

Ei stor utfordring vert å gjere eit fornuftig valg på kva som skal behaldast.

Har begrensa med inneplass til vinteren og ynskjer ikkje for mange hanar på ein gong.

5 ulike raser vert kanskje i meste laget. Her må dei flottaste hanane plukkast ut, og etterkvart skal bastardane av gamlehøner vike plass for det som er av rein rase.

Ser difor for meg at eg skal ha igjen

5 hanar og 11 høner, evt utan lys sussex hane.