RUGE UT EGG I MASKIN med elektrisk vendar for egga.
- Egg kan samlast i 14 dager før ruging. Dess eldre egga er til dårligare er livskrafta. Legg egga med spissen ned i ein eggekartong. Plasser den eine sida av kartongen på noko som er ca. 10 cm høgt slik kartongen står skjeivt. Snu kartongen to gonger kvart døgn slik at egga vipper frå side til side. Eggeplomma beveger seg inne i egget og dett ikke ned til ei side og blir hengande fast i skalet. Egg som ventar på å bli lagt i rugemaskin skal ha ein temperatur på rundt 14 °C.
- Syt for at rugemaskina har rett temperatur og fuktigheit før du legg i egga.
Rett temperatur er :100 °F, ca. 37,9 °C, fuktigheita skal være 50-60 %. Ha litt vatn i ein eller to av behalderane under egga
1. dag. Legg i egga og lat dei ligge i to døgn utan å bruke vendaren, slik at strengen som plommen henger i kan roe seg.
3. dag. Sett på vendaren. Brettet som egga ligg på trekkes frem og tilbake og eggene ruller omtrent to omdreininger i døgnet. Andre maskiner vender rugebakken omtrent som då dei stod i eggekartong før ruginga starta.
8. dag. Lys egga og sjå om der er liv. Friske egg har utvikla blodårer i plomma.
Ein annan metode er å ta vassprøva. Eg brukar ikkje ta den før etter 2 veker.
Legg egga i ei skål. Friske egg står på botnen med spissen ned og den butte enden opp eller flyter litt opp fra bunnen.
Ved bruk av vassprøva brukar eg å ha lunka vatn slik at egga ikkje mister særleg temperatur. Egga må raskt tilbake i rugemaskina. Egg som er daude MÅ kastast. Ikkje knus dei for lukta kan vere fælsleg.
15. dag . Ta vassprøva ein gong til; egga skal no flyte i overflata med den butte enden over vatn. Daude egg legg seg på botnen.
18. dag. Stopp rulling eller vending av egga. Fyll vatn i alle behalderane under egga, fuktigheita skal være 70 %. Ta vekk skilleveggane. Luft av og til.
21. dag. Egga klekkast! Nokre før dei andre. La maskina stå på ein stille og rolig plass med lite lys. Kyllingane har mat nok fra egget i to døgn etter klekking. Alle egga skal klekkast før du opner rugemaskina. Dette har eg aldri brydd meg om, men kyllingane må ikkje verte kalde.
Ikkje forstyrr kyllingane i egga, de treng ro, varme og stabil fuktigheit. Hjelp ikkje kylling ut av egget. Greier den det ikkje sjøl, vil han ikkje greie seg seinare heller, og vil med hjelp uansett daude.
Før kyllingane blir flytta under ei varmepære eller ei klukkhøne må dei vere heilt tørre.
- Ei kunstig kyllingmor kan være ei kasse med fuglesand i botnen med ei infraraud varmepære over. På golvet under varmepæra skal det være 37 °C dei første døgna. Etter kvart 30 °C. Sjå om kyllingane flytter seg vekk fra pæra, då er det for varmt under den.
Mat og vatn skal plasserast litt vekk frå varmepæra slik at kyllingane må bevege seg litt for å finne mat og drikke.
Dei første dagane kan maten være fuglefrø som er blanda med smular. Etter nokre dagar kan dei få knust kokt eggeplomme blanda med smular og hakka gras eller salat. Då får dei bra med proteiner.
Eg brukar mest kyllingfor frå Felleskjøpet heilt frå starten, evt med litt fuglefrø.
Kyllingane er nyskjerrige, og nå egg pikkar med fingeren i matskåla, kjem kyllingane og etterliknar det dei trur er kyllingmora.