SURDEIGSBRØD
3 GROVBRØD
Bland 1,5 kg kveitemjøl, 150 g sikta rugmjøl og 1 liter kaldt vatn.
Lat stå i ein halv time.
Ta fram surdeigen og tilsett i mjølblandinga ca 125 g grov surdeig og 125 g lys surdeig.
Forny surdeigen av restane – sjå nedanfor.
Tilsett 30 g salt og elt i 15-20 min til ein elastisk deig som slepp kantane i eltebollen.
Legg den ferdig elta deigen i ein smurt bolle som dekkast til med plastfolie.
Sett til heving på ein lun plass til deigen har fått dobbel storleik, ca. 4 timar. Ta god tid..
Del så deigen i 3 like store emner og form til runde brød som leggast på smurt og mela brett. Strø over med litt kveitemjøl og dekk til, evt. med plastfolie.
Lat brøda heve på ein lun stad til dobbel storleik.
Før brøda settast i forvarma omn til 220 grader snittast brøda på toppen.
Det kan vere ein fordel med ein skvett vatn (0,5 dl) i botnen av steikeovnen.
Etter 5 min senkast temperaturen til 180 grader og steikast vidare i nye 45 min.
Ferdige brød avkjølast på rist.
Lyst surdeigsbrød
Som over men bruk berre 75 g sikta rugmjøl og berre lys (250 g) surdeig.
Forning av surdeig
Bruk restane av surdeigen til å fornye denne.
Bruk 50 g surdeig og bland med 1,5 dl vatn og tilsett 150 g mjøl til ei fast deig. Grov surdeig skal ha 75 g sammalt rug og resten kveitemjøl. Lys surdeig berre kveitemjøl.
For å få fortgang i surdeigen kan den stå i romtemperatur eit par timar før den settast i kjøleskapet.
Surdeigen må fornyast 1-2 ggr kvar veke.
3 BRØD |
Grovt surdeigsbrød |
Lyst surdeigsbrød |
Eige grovbrød 4 st |
Kveitemjøl |
1,5 kg |
1,5 kg |
1,2 kg |
Sammalt kveitemjøl |
|
|
0,5 kg |
Sammalt rug |
150 gram |
75 gram |
75 gram |
Grov surdeig |
125 gram |
|
250 gram |
Lys surdeig |
125 gram |
250 gram |
250 gram |
Salt |
30 gram |
30 gram |
30 gram |
Kaldt vatn |
1 liter |
1 liter |
1,1 liter |
Steikeovn 5 min Steikeovn 45 min |
220 grader 180 grader |
220 grader 180 grader |
220 grader 180 grader |